English Tekststørrelse: A A A

Hjem | Berg menighet | Historie | Artikkel

Fra Yttersia nr. 3/2002

Finnsæter kapell 20 år

mb finnskapI anledning av at det i år er 20 år siden Finnsæter kapell ble vigslet, gjengir vi noe av arkivmaterialet om kapellet...

Det kongelege kyrkje- og under-visningsdepartement, 5.3.1981, fra uttalelsen til kirkekonsulent Sigurd Muri:

"1. Bakgrunn. Berg kyrkje vart oppført i 1955 og har ca 250 sitteplassar til eit folketal i soknet på ca 600. Etter folketalet skulle ho vere rikeleg stor, men for ein god del av folket ligg kyrkja tungvint til. Ca. 110 menneske bur i Straumsbotn og Hamn og må i ferje for å kome til kyrkje. Det går fram av materialet at Finnsæter kyrkjegard ligg i Hamn, og at ein ynskjer oppført nytt kapell ved kyrkjegarden, til bruk ved gravferd og "til all kristen virksomhet i bygda". Eg går ut ifrå at kapellet då også skal kome med i ein gudstenesteturnus. (...)

8. Kostnad. Sum kostnad kan reknast som fylgjande:

Tilbod frå "Bjørn-Hus" datert 29. sept. 1980 kr 342 000
Overslag frå kom. ing. i Berg, datert 10. nov. 1980 kr 127 720
Inventar i kyrkjerom, harmonium, klokke ca. kr. 100 000
sum kr 569 720

Til dette kjem utomhusarbeid i samband med framføring av veg og vatn. Ettersom kapellet vert oppført i privat regi, kan ein søkje om utbetaling av tilskot etter innbetalt meirverdigavgift, som i tilbod og overslag er oppført med kr 78 280,-.

Pris pr sitjeplass vert: kr 560 720,- : 80 = ca kr 7 122,-, som er rimeleg, samanlikna med andre kyrkjeprosjekt."

Leder av kapellforeningen, Magnhild Sørensen, Bønæs, i en håndskrevet bok om arbeidet:

"Tanken om å byggja kapell ved kyrkjegarden på Finnsæter er ikkje ny. Behovet har alltid stått der og det har vore snakka om blandt bygdefolket men det har berre ikkje blitt tatt noko avgjærd eller intiativ før nå.

Då Berg helselag vart nedlagt, så blei det bestemt at den foreininga som før kalte seg "Strømsnes krets av Berg helselag", nå ville gå inn for arbeid med å reise eit lite kapell i bygda vår. I denne foreininga finns ein heil del trufaste medlemmer som i ei årrekke har støtta foreiningsarbeidet på staden.

På eit møte i heimen til Rigmor og Leif Sørensen vart kapellforeininga stifta den 1-3-1978. Til formann i den nye foreininga vart Magnhild Sørensen valgt. Kasserer vart Rigmor Sørensen og Birger Heitmann vart sekretær.
Eit bygdemøte vart så planlagt og bestemt til 1. april på skulen. På dette møte synte bygdefolket si interesse ved å møte opp nesten ifrå alle heimane, tross det fæle veret. Alle var einige om at dette var eit tiltak dei ville støtte. Og foreininga fekk denne kvelden mange nye medlemmer. (43 medl. 1. året.)

Arbeidet med å reise kapellet sveisa bygda fint saman om dette fine tiltaket. Vi stod trufast saman alle både gamle og unge. Møtene i kapellforeininga var ei samling som vi såg fram til kvar gong.

Dagmar Ørbekk Hoel gav for mange år sidan den første 100 kroningen til kapellstart. Fordi arbeidet på kapellet den gangen ikkje var igangsatt vart den 100 kroningen gitt til brudestolar i Skaland kyrkja.

Kapellforeinga har arbeidd sidan 1. mars 1978. Det første spørsmålet vart tomta.

Vi henvendte oss til Ada Heitmann. Det løyste seg på beste måte. (..) Det vart skylddeling og vi fekk skøyte på "Kirketun".

Så vart det søknader innom masse nemder og til departemanget for å få alt i orden. (...)

Den 30. juni 1981 var alt klart og tomta vart utgraven. Johan var tilstades og dirigerte arbeidet. Maskin-førar var Toralf Iversen og Stein-Arne Iversen. Maskina som var brukt var Ingv. Hansens.

Nå fulgte dagar med mykje dugnadsarbeid. Eg gledde meg over å sjå kor arbeidet gjekk framover. (...) På støypedagane bad vi om meir hjelp og det var godt frammøte på slike dagar. Arbeidet gjekk med liv og lyst til tross for att regnet hølja ned dei fleste arbeidsdagana denne hausten. Muren stod ferdig seinhausten 1981. (...) Den 22. mars 1982 kom Byggematerial Finnsnes med sine 3 flinke tømmer-menn og bygget vart reist både fort og fint.

For å skaffe tilveies det som skulle være inne i kapellet hadde kapellforeininga tidleg sett opp ei nemd til å ordne dette. Denne nemda besto av: Mary Heitmann, Annbjørg Heitmann, Birger Heitmann, Magdalena Borch og Magnhild Sørensen. Her skulle kjøpes stoler, gardiner, alterbord, alterring, talerstol, døypefont, belysning m. meir..."

Magnhild ble lettet og glad da sogneprest Even Borch kom med tegninger til de liturgiske møblene - som så ble laget av Sollia snekker-fabrikk. Seinere vevet prestekona Magdalena en messehakel.

Magnhild summerer det opp slik:

"Under utsmykninga var fru Magdalenas hjelp og veiledning til verkeleg stor nytte for oss. Vi har masse å takke prestefolket vårt for."

Beretningen fortsetter: "Innvielsesdagen var bestemt til 29. aug 1982. Torsdag 26. august var endå ikkje altersølvet komme til gullsmeden då eg ringa og spurte etter det. Då var ho Magnhild nervøs ja, det må eg tilstå. Kva skulle eg gjære om ikkje altersølvet kom? Det var jo dette som skulle være med under innvielsen og høytideleg bæres inn av prosesjonen. Men eg fekk telefon den 26. frå Gullsmeden om at vi no kunne hente sølvet. Det var kommet. Då takka eg Gud for hans omsorg for oss, og eg vart roleg for at alt skulle gå bra.

Innvielsesdagen den 29. aug 1982 opprant med godt ver. Klokka 11.00 var kapellet meir enn fullsatt. Mange måtte stå i gangen og ute på trappa. Der vart satt opp høgtalarar slik at alle kunne høyre det som var sagt inne. Finnsæter kapell vart innvigd av Nord-Hålogalands biskop Arvid Nergård. Prestane som deltok var: Prost Lyder Verne, Lenvik, sogneprest Even Borch, Berg, sogneprest Johan Flekstad, sogneprest Einar Hansen, sogneprest Børje Kajander, Tranøy, res.kap Steinar Nordlie, Lenvik. Blant våre gjester var også vår tidlegerare biskop Kristen Kyrre Bremer og frue tilstede.

Det vart ei høytidsstund som vi aldri gløymer. Under gudstjenesta var det også bårnedåp. Det var tvillingane Kamilla og Kennet Iversen som vart døypt den dagen. Etter gudstjenesta kl 11 vart det kirkekaffe på Straumsnes skule. Der var det dekka til fest, med masse god mat og kaffe. Det vart ei kosestund med taler og livlege samtaler. Nattverdsgudstjenesta tok til kl. 15.30.

Første brudevielsen i kapellet var den 23-7-83. Dei vigde er: Trond Steinar Hoel, Hamn i S. og Bodil Synnøve Nikolaisen, Gryllefjord. Den første begravelsen var 7. august 1982. Då vart Hilmar Pedersen ført til sin siste kvilestad. (Datoen viser at det var før innvielsen av kapellet.)"Boka til Magnhild har også med en liste over hvem som har gitt hva av utstyr, og en dugnads-kalender for arbeid og arbeidere. Sommeren 1985 begynte de på igjen, nå var det det ønskede sakristi-tilbygget som skulle opp. Dugnadsarbeidet til det startet 24. juni med grunnmuren, fortsatte vinteren 1986 med bygge-arbeidet, og ble ferdig på vårparten. Da kom det også toalett og oppholdsrom i kjelleren til bårerommet. I det arbeidet var Alfred Midtgård drivkraften.

Kommunen overtar -

"Ved en enkel høytidelighet under kommunestyremøtet i Berg sist tirsdag, fikk ordfører Roald Nymo overrakt nøkkel og skjøte til det nye kapellet på Finnsæter ved Straumsnes. Det er kapellforeninga på Finnsæter som har vært primus motor bak bygginga av kapellet. Overleveringa av nøkkel og skjøte til ordføreren markerte at det nå er Berg kommune som overtar drifta og vedlikeholdet av det prektige bygget som ble innviet 29. august i fjord. I anledning overrekkelsen var kommune-styret samlet til møte i kapellet på tirsdag. Representantene fikk en upåklagelig oppvartning fra kapellforeninga med blant annet servering av middag, kaffe, kaker og smørbrød.

- Kapellet er blitt et funksjonelt bygg. Her er alt som er nødvendig for å kunne bruke bygget - jeg hadde nær sagt - i alle sammenhenger. I dagens økonomiske situasjon er det da også en dyd av nødvendighet å ha bygg som kan fungere allsidig, sa ordfører Roald Nymo som berømmet bygdefolket på Finnsæter og omegn for helhjertet innsats. - Uten denne innsatsen ville ikke kapellet blitt bygd, sa han. (...)

Fullt ferdig har kapellet kostet en halv million kroner. Til dette beløpet har kapellforeninga bidratt med 120 000 kroner som er samlet inn i løpet av de fire årene foreninga har eksistert.

- Det har alltid vært en ønske blant folk her på Finnsæter å få seg et kapell. De

120 000 kronene som er gitt av bygde-folket i løpet av en fire-års periode må karakteriseres som et svært løft tatt i betraktning at vi er så få innbyggere, sier formannen i kapellforeninga, Magnhild Sørensen."

(Troms folkeblad 24.02.83 - Vidar Bjørkli)

Søndag 6. september 1992 ble det feiret 10-års-jubileum i kapellet, med 92 mennesker tilstede, 25 til nattverd. Gudstjenesten var ved Even Borch og Jon Sverre Servan. Det kom inn kr 3 376,30 til kapellforeninga. Etterpå var det kirkekaffe og hilsninger.

I år 2002 bor det ikke så mange i området lenger, allikevel er det mange som kjenner tilknytning til stedet og kapellet. Da vi markerte 20-årsjubileet den 25. august, på enda en strålende sommersøndag, møtte 55 mennesker fram, 20 til nattverd. Og vi samlet inn en gave på kr 1 889,- til et annet boligområde som sårt trenger eget kirkebygg: Kroken menighet i Tromsø.

Da gudstjenesten var ferdig, var Finnsæter-folket som vanlig raske til å bygge om salen sin, og selv om kjøkkenet er lite, går organiseringen unna. Kaffen, rundstykkene og en mengde kaker kom på bordene... Og sangen løftet seg, både i gudstjeneste-salmer og bordvers!