English Tekststørrelse: A A A

Elevside for team 3

Utdrag fra L97 om ungdomstrinnet:

"Opplæringa på ungdomssteget skal byggje på og vidareutvikle det elevane kjenner frå tidlegare steg, og ta sikte på god samanheng og overgang mellom ungdomssteget og vidaregåande opplæring. Ungdomssteget legg vekt på fagleg fordjuping og stiller større faglege krav. Opplæringa skal gi god progresjon i utviklinga av kunnskap og dugleik og vere relevant og aktuell for den livsfasen elevane er i. Ho skal samtidig leggje vekt på arbeid på tvers av fag og vere med og gi dei ei brei røynsle med prosjektarbeid. Oppgåver skal knytast til interesser, utfordringar og det som er aktuelt for elevar på dette alderssteget. Det skal vere eit stort innslag av praktiske aktivitetar i opplæringa.

Elevane skal stimulast til sjølvstende, konsentrasjon og samarbeid. Arbeidsoppgåver og arbeidsmåtar må ta omsyn til det. Elevene skal ha medansvar for planlegging, gjennomføring og vurdering av felles oppgåver og si eiga læring. Øving i å stå fram for andre og presentere eit stoff må høyre til læringa. Opplæringa skal stimulere til deltaking i kultur- og fritidsaktivitetar og leggje til rettes for at elevane kan bruke desse røynslene i opplæringa.

Det er viktig at elevane får god kjennskap til dei ulike tilboda i vidaregåande opplæring før dei skal velje utdanning etter grunnskulen. "